Firdagruppa

av Norsk Radio Relé Liga

Dette er heimesida til radioamatørane i Firdagruppa.
Vi er ein radiointeressert gjeng som har til felles at vi likar å setje oss inn i, byggje, og bruke radiosendarar og antenner. Gjennom radioamatørlisens gjev hobbyen oss høve til å kommunisere trådlaust på mange ulike frekvensar heilt frå nedst i kortbylgjebandet og opptil GigaHertz området.

NRRL står for Norsk Radio Relé Liga, og organiserer radioamatørane i Noreg. Liknande organisasjonar finst i dei fleste land. Og sidan radiobylgjene går over landegrensene, så er tildelinga av frekvensband samordna internasjonalt. Det er ein hard kamp om tildeling av frekvensband i det avgrensa radiospekteret. Når NRRL og systerorganisasjonane i andre land har fått igjennomslag for ynskjer om segment i radiospekteret, syner det at eksperimenterande radioamatørar i  har mykje å tilføre samfunnet i form av kunnskap og ressurs.
  Kven som vil kan bli radioamatør. Du må avlegge ei prøve for Noregs Post og Teletilsyn. Slike prøver vert arrangert fleire stader med ujamne mellomrom. Du kan anten tileigne deg nødvendige kunnskapar ved sjølvstudium, eller ta del i eit eksamensretta kurs. Med lisenspapira i handa kan du operere din eigen radiostasjon på ulike band etter dei reglane som gjeld.

Dersom du er interessert  i å finne ut meir om denne spennande og lærerike hobbyen, ta kontakt med ein av oss i Firdagruppa, eller du kan vitje NRRL si hovudside. Der finn du også adresser til andre tilsvarande grupper rundt om i Noreg.

Oppdatert 24.07.08