Nytt liv i Førde repeateren!

Tysdag kveld vart det kveldstur til Hafstadfjellet for LA3QR og underteikna. Mildt og fint vårver, men sjølv om dei nye duplexfiltera ikkje er så tunge, så vart det bil- og ikkje fottur.. I fyrste omgang tok vi berre ned dei gamle, skifte pluggar frå bnc til N-kontakt, og plasserte dei nye duplexfiltera oppå hylla.

Effekten såg umiddelbart ut til å vere betre enn venta. Strålande rapportar frå LA5KL, som fram til no har hatt plager med å kome igjennom frå kjellaren sin. I dag kunne han gå på lågaste effekt frå den inste kroken sin. Og Franken i Florø kom nesten susfritt innpå!! 

Så no er det berre å teste, folkens!

PS: Filtera var dyre, og vi ynskjer framleis at fleire kan hjelpe til ved å kjøpe eit eller fleire andelsbevis à kr 200,- så vi kjem opp i pluss att i lagskassa...

Alt du treng å gjere er å sende kr 200 (x ??stk.) til konto nr 3710.30.06148 og merke med 'Andelsbevis Førderepeater'

Eller kontakt la3qr eller la5vx.

-5VX

LA3QR ved nytt duplexfilterAmerikansk handverk

Ferdigtrimma frå fabrikk - minst 100Hz nøyaktighet ser det ut til