Velkomen åt heimesidene til Firdagruppa av NRRL

 

Organisasjonen for Radiosendeamatørar og radiointeressert ungdom i alle aldrar.

   Vi held til i området Nordfjord - Sunnfjord - Sogn.

      På desse sidene finn du litt om kven vi er og kva vi styrer med.

Har du interesse for elektronikk?
    Er du fascinert over radiosignal som kan gå jorda rundt?
        Burde du halde ved like spansken din som du kursa deg i tidlegare?
     Slå av ein prat med nordmenn på Svalbard eller i andre land?
Ein kortbylgjesendar i heimen er langt meir koseleg enn ein PC - ta radioamatørlisensen og nå jorda rundt!

 

Er du busett her i området med slike interesser, så ta kontakt med oss.

free hit counters

 frå gruppa:

 

7.2.2012:
Referat frå årsmøtet på Skei 5. februar finn du HER.

 

12.1.2012:
Årsmøte i LA6F Firdagruppa av NRRL blir på Skei SØNDAG 5. februar kl 17:00. Vi møtest i møterom ved Esso Skei.

Innkalling med saksliste vert sendt ut med det fyrste.

 

8.1.2012:
Drop-in møte på Førdekroa torsdag 12. januar kl 19:30. Møt opp! Tema: Nødsamband? Winlink? Kaffi?

Vel møtt. de LA5VX 

 

5.1.2012:
Godt nytt radioår!. 2012 er eit faktum, og kasseraren blir glad om alle hugsar å fornye medlemskontigentenkr 300 for fullt medlemskap i år, til kontonummeret er 3710.30.06148.

Vi vil prøve å få til ei samling i løpet av januar, rimelegvis årsmøte pluss uformelt samkvem i bakkant. I lys av uveret i romjula, og nødsambandsaktiviteten rundt det, har vi mykje å diskutere. Føl med på denne sida for nærare kunngjering av tid og stad. Innkalling vil også bli sendt på e-post til medlemmane.

de LA5VX Steinar

28.10.2010:
Ny radio til TNC for aprs.
Alinco DR-135E er innkjøpt til formålet. Så når litt kabling og testing er unnagjort, så blir det kanskje ein topptur før jul. I kor stor grad dette vil betre på dekninga skal vere usagt. Ein spennande faktor er kor denne nye radioen toler dei andre sterke feltstyrkane der oppe.

18.5.2010:
Nytt liv i Førde repeateren!
Dupleksfilter skifta ut. Les meir her.