|
Slik kan det høyrest ut når ein
radioamatør prøver å opprette samband
med ein likesinna - i god Samuel Morse ånd:
|
|
|
Framleis er telegrafi med morse ein enkel og slagkraftig måte å kommunisere på. Men etter at kravet om morse vart teke bort frå radioamatørprøva, er det nok færre og færre som har teke seg dei timane det tek å lære seg denne kunsten. Telefoni og digitale modi er det ein høyrer mest. I shacken har ein gjerne utstyr for både VHF og UHF, men det er nok kortbylgjeradioen som er gromguten til dei fleste radioamatørane. Ikkje så ofte sjølvbygd stasjon kanskje, men med mikrofon og verdskart går praten på mange språk.
Kom ikkje å sei at det er vanskeleg å trene på framande språk. |
|
Gode gamle Radio TeleTYpe - eller fjernskrivaren - har halde seg frå før krigen og fram til i dag. No er slike maskiner på museum, men RTTY er ein av mange lydar som kan kome ut av ein SSB mottakar enno. |
|
Pakkeradio høyrest slik ut på HF:
Og har du
høyrt eit bilete før. Slow Scan
TeleVision og telefoto i fargar i ulike
variantar.
|
|
I romfartskrinsar er Amatørradio - eller Ham Radio på amerikansk - mykje utbreidd. Romferjemannskap har ofte amatørkontaktar frå romferja til bakken. ISS - den internasjonale romstasjonen - har 2m kontakt med skuleklasser her nede på jorda, og innimellom direkte qso med tilfeldige radioamatørar. Og astronautane er ivrige etter å ta radioamatørlisens. ARISS - eiga side om amatørradio i ISS |
|
|
|
|