30.1.2010:
Årsmøte i
Firdagruppa vert søndag 7. mars 2009 kl 17:00 på Hjelpemiddelsentralen
i Førde.
Innkalling vert sendt ut dei næraste dagane. Send saker som skal takast
opp på årsmøte, til LA3QR Helge i Førde, innan 15.2.2010.
-5VX
23.1.2010:
Gruppemøte - LA4YPA inviterer
- TORSDAG 28. januar kl 19:30
Siste torsdag i kvar månad
satsar vi på gruppemøte. I januar ynskjer Steffen å samle Firda-amatørane
heime hjå seg. Hald av 28. januar, altså. Vi prøver då å bestemme dato for
årsmøte i feb./mars.
Adressa
i Førde er Hornnesvegen 39, som rimelegvis er HER
på kartet (dersom Steffen har parkert bilen sin heime...)
-5VX
5.3.2010:
Førde-repeateren
frisk?
Etter ein stille periode frå
førderepeateren, er den no tydelegvis QRV att. Etter lett inspeksjon 5. januar
trudde vi at den hadde gjeve opp, og var moden for total rehabilitering.
Driftsspenninga var på plass, men det var likevel ikkje råd å få svar med 1750
tone.
I skrivande stund startar den lydig, så den har
tydelegvis berre hatt ei av sine luner. Likevel vert nok ny 'maskinvare' tema i
gruppa.
-5VX
Amatør radio førjulssamling
på Bryggja
Oddmund organiserer. Siste helga i november - 26-28/11.
Kopi av brev frå LA2CP er vidaresend til medlemmane i Firdagruppa. Hugs
påmelding seinast 15. november til la2cp@tele2.no.
-5VX
11.02.09:
Bra frammøte!
Det var ein bra gjeng som møtte
fram til årsmøte i LA6F hjå Reidar i Breim. Men målet er å bli fleire
amatørar i Firda området, så utfordringa er klar.

Frå venstre: LA3QR, LA9DK (verten!!), LA6PDA, LA4ZPA, LA5KL, LA4YPA, LA5VX, LA8LPA
26.10.09:
Drop In kveld i
Firdagruppa!
Vi møtest kl. 1900 på
hjelpemiddelsentralen i Førde. Ikkje noko spesielt program på planen enno, men
det kan det fort bli.. - berre ta med masse godt humør. Kaffi og bite 'ti
fiksar vi.
Innsnakk på 145,700 eller 145,500.
Vel møtt!
6.11.09:
Førde repeater på
lufta att.
Vindfull fjelltur i vakkert måneskin.
LA4YPA og underteikna kom oss opp, og kunne konstatere at QRT tilfelle skuldast
ein utramla automatsikring - uvisst av kva grunn. No har den stått inne att
nokre dagar, så vi satsar på at det var eit eingongstilfelle.
-5VX
22.01.09: 8.12.08: 23.7.08: 23.7.08: Antenne
vart flytta litt pga ein kabeligjennomføring, men dette har ikkje endra på
noko merkbart. Squelch kan periodevis opne pga ein eller annan støy, noko som
gjer at denne støyen går på lufta, og tx går ikkje ut. Periodisk feil.
Framleis periodisk tunghøyrd og litt mørk igjennomsnakk.
Årsmøte 2009 vert
hjå LA9DK!
Firdagruppa av NRRL
vil halde årsmøte søndag 8. februar kl 15:00 heime hjå Reidar i Breim.
Han har sagt seg villeg til å koke litt kaffi, og vi gler oss til å sjå kor
han har fått det nede i sitt nye QTH. Nærare bestemt rett ovanfor Eurofoto
sine lokale.
-5VX.
Førjulssamling
Vi samlast på
Hjelpemiddelsentralen i Førde til litt juleradioprat:
Torsdag 11. desember kl 1900 og utover ei stund. Pizza og kaffi! Stikk innom! Ta
gjerne med potensielle radioamatørar..
Store seglskip i
Måløy Havn
- sjekk heimesida
til LA2008TSR
Status
- repeateren på Hafstadjellet
6.2.08:
Årsmøte i LA6F
Årsmøte i LA6F
vart halde i Hjelpemiddelsentralen Førde søndag 2. mars 2008 kl. 17:00. Takk til LA5KL Helge, som går ut av styre, og overlet plassen til LA4YPA Steffen.
28.10.07:
Repeater QRV men
periodevis litt tunghøyrd
Repeateren er QRV og har nytt kontrollerkort. Det vil bl.a. seie at den kan opnast med DTMF *6 i tillegg til 1750Hz burst.
Nede i bygda husar LA5VX ein Echolink node som går mot Førde repeater. Node nr 68006 - lett å hugse for postnummeret til Førde er 6800. TX her er ein Icom IC2SE på berre 300mW og 1/4 bylgje gp antenne.
2.1.07:
Årsmøte i LA6F 2007.
Tid: SØNDAG 14. januar 2007, kl
15:30.
Stad: Heime hjå LA9DK Reidar i Breim.
Innsnakk på 145.500 MHz. Innkalling er send ut pr E-post og
pr brev for dei som ikkje har fått E-posten.
-LA5VX
25.11.06:
Møte
i Firdagruppa blir
på Hjelpemiddelsentralen.
Vi satsar på eit lite klubbmøte måndag 4. desember i Førde. Tidspunkt 19:30.
'Talk-in' på 145.7 (Førde repeater) og/eller 145.500.
Radioprat, kaffi og kaker. Vel Møtt!
-LA5VX Steinar
14.3.05:
Årsmøte 11.3
vart gjennomført etter planen. Styre tok attval, og LA9DK hadde eit framifrå
innslag frå Påskeøya
-LA5VX Steinar
3.11.2003:
Echolink
LA5VX Steinar har sett opp ein Echolink node i Førde. Den går på Førderepeateren R4 og sender 1750 tone mot denne når nokon koplar opp. Førebels i prøvedrift, men den funkar ok. Repeateren har kort Time-Out så den går ofte ut før besøkjande frå andre nodar på internett får sagt noko. Les meir om Echolink på www.echolink.org.
13.2.2003:
Årsmøte 12.2.2003

På
Hjelpemiddelsantralen i Førde hadde LA3QR i år laga det skikkeleg koseleg, men
god mat og kaffi. Frammøtet var likevel litt magert. Referat vert utsendt med
det fyrste
Oppdatert 22.01.11
21.2.05:
Årsmøte
2005 - og klubbkveld
Fredag 11. mars
C
STAD:
Hjelpemiddelsentralen i Førde
C
TID:
18:30 - Årsmøte for medlemmar, innkalling og sakliste er send
ut.
19:00 - Klubbkveld. Reidar - LA9DK - vil fortelje om radio
ekspedisjonen til Påskeøya tidlegare i år. Med bilete og video. APRS kit
demonstrasjon. Mat og kaffi. Nye medlemmer og vordande amatørar er ekstra
velkomne. Vi håpar også på vitjing frå vest..
INNSNAKK på 145,700 MHz
-LA5VX Steinar
1.11.2003:
Echolink node i
Førde
LA5VX-L er no QRV som Echolink-node nr. 131562. Det betyr at hjå
LA5VX står det ein PC med breiband til internett og ein 2m radio kopla til
lydkortet. Programmet Echolink i PC'en 'lyttar' på Førde-repeateren - R4 - og
tek imot oppkoplings kommandoar i DTMF format. Likeeins kan andre amatørar via
sine nodar rundt om i verda kople seg opp mot LA5VX-L og på den måten kome ut
på Førde-repeateren. Meir info om dette finn du på www.echolink.org.
28.1.2003:
Årsmøte
12.2.2003
Årsmøte for Firdagruppa av NRRL vert avhalde i Førde den
12.2.2003 kl.19:00. Vi møtest på Hjelpemiddelsentralen. Talk-In på
Førde-repeateren 145.700MHz. Innkalling vert send ut i desse dagar.
Køyreinfo: Frå Førde sentrum køyrer du retning Bergen
på E39. Forlat E39 med det same stigninga opp lia tek til, og ta av til høgre
mot Askvoll. Etter godt 100m ligg Hjelpemiddelsentralen på Høgre side - sjå
skilt.
23.7.2002:
Sagtennene node
STUM - tilbake til fyret
Det gjekk ikkje så bra som vi trudde på Sagtennene. TNC'en ville korkje
høyre eller snakke - så det vart eit steg tilbake medan Helge finn ut av
kvifor.. Så no er fyret tilbake på 433,525MHz
24.6.2002:
70cm digipeater
på Sagtennene!!
LA3QR Helge og LA5VX Steinar var på traktortur og skifte ut 70cm fyret
på Sagtennene med ein digipeater. Den ligg på 433,650 MHz, og bør
kunne snakke med Bremanger. For å vere heilt korrekt så er det ein AX25 node,
og signaturen er 3QRTST. I mangel på testutstyr under monteringa, så er
vi litt usikre på om den virka som tenkt - det var ikkje respons då vi ein
times tid etter prøvde å få kontakt med noden frå Anda fergekai som ligg i
fri sikt til Sagtennene. Det kan hende vi lyt oppatt og sjekke snarare enn vi
trudde.
10.5.2002:
Florø repeateren
QRV !
Ei gledeleg melding frå Florø-gruppa kom tikkande inn her om dagen:
Hallo
Folkens.
Sender ut info om at Repeateren i Florø er no operativ på freq 145.625 output
145.025 input (RV-50). LA9CR
Den er kommet på eit nytt QTH og det ser ut til at den fungerer greit
MVH Oss i Florøgruppa LA1F
6.5.2002:
Over til 40?
Dei siste laurdagane har ikkje 80m vore på det beste her lokalt. Så
skulle det vere aldeles taust på 3665 (eller 3650) frå Firdaamatørane
laurdags morgonen, så kan det vere at vi hoppar til 40m på 7065 MHz..... Der
gjekk det iallfall godt no 4.5.
21.4.2002:
Morktreffet 2002
Vi har fått brev om det årlege Radioamatør treffet på Morkåsen
(Langmyra idrettsanlegg). Det vert på nytt arrangert av Søre Sunnmøregruppa
av NRRL. Tidspunktet er
Laurdag 25. mai - start kl. 10:00 - 10:30.
Mat og drikke - S9LA ekspedisjon - PSK31 - m.m.?
Ta kontakt for evt. 'samkøyring' frå Førde og oppover.
PS: Dei ynskjer tilbakemelding om kor mange som kjem. Kontaktperson er
LA5QKA Øystein, 93685020 / 70076690
25.2.2002:
Avskjerma frå
tjukk snøkave
vart årsmøtet halde hjå LA9DK i Breim. Etter det formelle møtet rundt
kaffibordet, vart det synfaring og demo av SSTV, PSK31 m.m. i 'nye' shacken i
kjellaren.
.
27.1.2002:
Årsmøte i
Firdagruppa
Styret i LA6F kallar med dette inn til årsmøte i Firdagruppa av NRRL,
hjå LA9DK Reidar i Breim søndag 24.2 kl. 15:00.
Innkalling vert sendt som E-post, deretter som brevpost til dei av medlemmane
som ikkje stadfestar motteken E-post.
Etter det ordinære årsmøte vert det uformell samling - tema: PSK31
6.9.2001
Repeateren på
Hafstadfjellet
Den er oppe igjen etter døveperioden. Den er no betre enn nokon gong, og
ligg som før på R4 (145,700 MHz) - innfrekvens 600kHz under.
Oppdatert 22.01.11